top of page

Attempt for Prayer, Poem presented as a small give-away for the exhibition Attempt for Prayer in oslo 2013 at Tørkeloftet/The Garret:

 

Skal eg liksom drøyme meg vekk i røykelse på Shangrila, 

sitte i lotus på 90talet og berre kjenne.

gjentek alt to tusen gonger utan at det nokon sinne vert da sama,

alt eg vil er berre å minnast, å kunne ete dei som berlinerboller i fiskebuksesom Leonardo i Thailand og koke eldoradopasta som Julia Roberts.

 

Ukjente bøker av Hemingway på dansk bestemmer kvar eg sover, 

bestemmer, for so å drøyme meg vekk i tyrefekting og forteljingar om Spania. 

Leser Knausgård for å lære korleis eg skal kunne fortelle om meg sjølv, men mister meg sjølv i hans forteljingar,

lengtar heim saman med Hamsun, til ein stad som ikkje finnes lengre.

 

So eg trykker meg inn i streetview på ein tilfeldig stad i google maps 

følgjer etter ein bil gjennom Wyoming state uten å nokon sinne nå den igjen eller kunne kjenne den eller omgjevnadene.

Kvifor denne poenglause handlinga?

Kvifor ikkje? 

Kvifor ikkje følgje etter ein bil uansett kva, 

som eit vanleg menneske ville gjort

 

Skal eg glømme meg sjølv gjennom furuskogane på østlandet,

døy i kraftverkshus frå Moelven i Kirkenes. Forsvinne inn blant ubehandla furu og stressless

 

Ein stad å forsvinne

ein stad til å sitte utanfor seg sjølv

til å betrakte seg sjølv

til ein går i oppløsning blant furu, stressless,nudler, buddha og pad thai.

 

 

 

DOWNLOAD THE FULL TEXT HERE (NORWEGIAN ONLY)!

 

bottom of page